Velkommen

Velkomen til heimesidene våre. Vi ønskjer å gjere kontakten med oss så enkel som råd.

Det er stor trafikk på sentralbordet vårt og difor av og til ein del ventetid. Vårt telefonnummer er 53425610.

Dersom det er tilstander som hastar, kan ein ringe akuttnummer til legevakt 53416300, og ved akutt, livstruande sjukdom: 113 (AMK).

NB!

Frå 24.2 .14 blir det nytt telefonnummer for øyeblikkeleg hjelp: 

53 41 63 00

Dette telefonnummeret gjeld  for alle tilstander som hastar.

Telefonnummeret er det same heile døgeret, og gjeld for alle i Bømlo kommune, samt Stord og Fitjar.

Ein kjem fram til sjukepleiar ved Sunnhordland interkommunale legevakt, som kan formidla direkte kontakt med aktuelle legekontor (Kystlegane)  

Telefon til Kystlegane (53425610):

Når du ringer er det viktig at du fortel medarbeidarane våre kva det gjeld. Dei kan ofte hjelpe deg med råd, og dei må prioritere når du kan få time og kva telefonar legane må ta. Som oftast vil legen ringe deg tilbake ved høve, gjerne rundt lunsj eller mot slutten av arbeidsdagen

Du kan også bestille ordinær time, fornye reseptar og liknande via internett og SMS. Sjå informasjon på høgre side.

 



Viktig informasjon

16. februar 2014 kl. 11:58

VIKTIG!! Nytt telefonnummer ved akutte tilstander

Frå 24.2.14 skal alle som tilhøyrer Kystlegane bruka eit anna telefonnummer ved trong for akutt hjelp:

53 41 63 00

(Sjå også info øvst på sida)

Dette er nummeret til Sunnhordland interkommunale legevakt (IKS) og er det same heile døgeret. Det gjeld for alle i Bømlo kommune, samt Stord og Fitjar.

Det er sjukepleiar ved IKS som svarer på telefonen. Legevaktssjukepleiaren vurderer telefonane og kan setja innringar i direkte kontakt med aktuelle legekontor (t.d. Kystlegane).

 

6. oktober 2013 kl. 19:39

Betalingsautomat

Frå 17.10 tek Kystlegane i bruk Melin betalingsautomat. Etter den tid skal all betaling for tenester ved Kystlegane betalast via denne automaten.

Ein betaler med kort, evt med kontanter.

Automaten kjem til å stå på venterommet.

Ved evt problem, vil personalet i resepsjonen bistå.

Me anmodar om at honorar blir betalt same dag. Dersom dette ikkje skjer, blir det automatisk sendt ut giro via betalingsterminalen. Då kjem faktureringsgebyr i tillegg.

7. oktober 2012 kl. 15:55

E-resept

Frå 12.10.12 er det innført såkalla e-resept hos Kystlegane.

 

Slik fungerer e-resept

Legen gjer klar resepten og sender han elektronisk til ein sentral database (Reseptformidlaren). Du får ikkje papirresept. Når du blir ekspedert på apoteket eller hos bandasjisten, kan du seie at du har e-resept. Du oppgir fødselsnummer eller namn og fødselsdato. Du kan bli bedt om å legitimere deg.  Dei søkjer fram resepten i databasen, ekspederer og leverer deg vara.

 

Om du ønskjer, kan du bruke tenesta Mine reseptar (helsenorge.no, Helsedirektoratet si informasjonsside) til å få oversikt over e-reseptane dine. Tenesta viser: Dei gyldige e-reseptane dine  Kva du har fått utlevert på apoteket eller hos bandasjisten Kva reseptar det er utleveringar igjen på  Tenesta omfattar også Mine barns reseptar og Mine fullmaktar.

Du må ha personleg elektronisk ID (e-ID) på høgaste nivå for å få tilgang til Mine reseptar.

 

Alternativt kan du også få utskreve papiroversikt over reseptar du har fått. Som før kan du få utskreve oversikt over faste medisiner du brukar (medisinliste).