Senteret sitt bannerbilde

Hvordan bestille time?

Det er mange som tek kontakt med oss og difor kan det dessverre av og til vere ventetid på telefonen. Om du vil gjere det enkelt og spare tid, kan du nytte deg av vårt SMS køfrisystem. Start meldinga med KYST navnet ditt fødselsdatoen din og kort om kva det gjeld og send meldinga til 2097. Ein kan også bestille time på nett og få svar via sms.

Døme på melding kan vere:

KYST Ola Hansen 0405190 ynskjer time gjerne i neste veke

NB! Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, må ein ringa kontoret, ikkje senda sms!

Kvar melding kostar 6 kroner som blir belasta telefonrekninga di.

Meldinga kan sendast når som helst på døgeret.

Meldingane blir sjekka  neste verkedag, slik at du vil få svar ila neste arbeidsdag.

 

Avbestille time, eller endre timeavtale

Ring oss eller send KYST navnet ditt og fødselsdato med avbestillinga eller ynskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjonen skal finne stad, elles blir timen belasta.

Hvordan få legen hjem til deg?

Hovudregel er oppmøte på kontoret. I særskilte tilfelle kan heimebesøk avtalast med vedkommande sin fastlege. Dette gjeld hovudsakleg planlagde besøk. Ved akutt sjukdom, må ein så langt det let seg gjera, komme til kontoret, evt kan ein bli henta til kontoret av ambulanse dersom tilstanden tilseier det.

Hvordan bestille resepter på faste medisiner?

Du kan bestille reseptfornying på faste medisiner over telefon eller via internett/SMS: Send sms: KYST navn, fødselsdato og kva medisin det gjeld, til 2097.

Det er no innført e-resept, og aktuelle medikament kan hentast på alle apotek i Norge.

Reseptar bestilt pr telefon før kl. 11.30, kan normalt hentast på apoteket etter lunsj same dag, dersom vedkommande lege er til stades.

Reseptar bestilt pr sms, blir ekspederte ila neste verkedag, og kan hentast på apoteke etter at ein har mottatt sms om at resepten er klar.

 

Reseptar må bestillast i god tid, særleg før feriar!

Attester og korttidssykemeldinger

Hovudregel er oppmøte på konsultasjon for attestar og sjukemeldingar.

 

Øyeblikkelig hjelp

Ordinære konsultasjonar skjer alltid hos vedkommande sin fastlege. Dette tilstrebar ein også ved trong for øyeblikkelig hjelp. Dersom fastlegen ikkje har kontordag denne aktuelle dagen, kjem ein til ein av dei andre legane ved kontoret.

Vaksinering

Influensavaksinering  blir kunngjort i Bømlonytt, vil også komme informasjon her når tidspunktet for vaksinering er klart.