Senteret sitt bannerbilde

Eigendel

Me fylgjer "Normaltariffen" for eigendelar, som blir justert 1. juli kvart år.

Betaling skjer via Melin betalingsautomat på venterommet. Her kan ein betala kontant eller via kort.

Me nyttar Melin til administrering og utsending av uoppgjorte eigendelar. Det blir faktureringsgebyr på giroar. Dersom ein har merknader til mottatt giro, må ein ta kontakt med Melin, eller med Kystlegane.

NB! Dersom ein har frikort, er det viktig å forevisa dette for registrering i resepsjonen. Legekontoret/fastlegen får ikkje automatisk melding om frikort!

Fri egenandel for barn under 16 år, gjeld m.a. også gravide, yrkesskade/sjukdom.

Evt yrkessjukdom/skade inneber fri egenandel, men ikkje før dette er registrert og godkjent av NAV.

Betaling for utstyr i samband med enkelte undersøkingar eller inngrep,  må betalast sjølv om ein har frikort eller krav på fri egenandel. Dette gjeld også attestar ol.