Senteret sitt bannerbilde

Fråver/vikar veke 42

15. oktober 2017

Dr Braut og dr Færevåg er borte frå kontoret veke 42 (16 - 20. 10). Dr Leversund er vikar denne veka. 

Dr Langedal er borte frå kontoret 16.10 til 3.11.

 

Influensavaksinering hausten 2017

4. oktober 2017

Influensavaksinering startar i veke 43:

 

Svortland: måndag 23.10, torsdag 26.10 og fredag 27.10, 

                  torsdag 2.11 og måndag 13.11

Moster: måndag 23.10

Bømlo: onsdag 25.10

 

Etter influensavaksinering veke 43 til tilrådde grupper vil det vera vaksine tilgjengelig for alle.

Det vil også komma oppslag om dette i Bømlo-nytt.

Ny lege/listereduksjon

24. august 2017

Den 1.9 overtar dr. Sandra Langedal praksisen etter dr. Anna Tribis. Ho er nyutdanna og begynner som såkalla ALIS lege (= allmennlege i spesialisering) ved Kystlegane. Dette er ein  kommunal legestilling, som igjen er ledd i eit såkalla ALIS-prosjekt. Målet er rekruttering av unge legar til primærhelsetenesta.  Her vert det spesielt tilrettelagt for eit vidareutdanningsløp mot spesialisering i allmennmedisin ila 5 år.


Lista ho overtek er på 1100 pasientar, men som ALIS-lege vil ho starta med 700 pasientar. Det vil difor bli 400 pasientar som på vilkårleg vis vil bli trekt ut av lista. Desse vil bli plassert på ei liste med ledig plass ved Bremnes legesenter. Her er ein tilsvarande ALIS stilling oppretta og lege er tilsett i denne frå januar 2018 (lista står pr i dag oppført som "liste utan fast lege").


Alle pasientar som til no har stått på dr. Anna Tribis si liste vil altså få brev frå Helfo om ny fastlege gjeldande frå 1. september, 700 av desse hos dr. Sandra Langedal ved Kystlegane og 400 blir overført til Bremnes legesenter.

 

Pasientane som blir overflytta til annan lege utanom Kystlegane, kan ta kontakt med Kystlegane pr brev, sms eller telefon til resepsjonen for å få overført journalen til ny fastlege.

 

Me ynskjer Sandra Langedal velkommen til Kystlegane!

 

Ny lege ved Kystlegane

13. august 2017

Dr. Sandra Langedal er frå 1.9.17 tilsett ved Kystlegane. Ho overtar dr. Anna Tribis sin praksis (tidlegare dr. Jan Leversund sin praksis).

Min pasientjournal

15. september 2016

Det er i dag i Helse Vest sitt område mogleg for pasientar innan somatikk å sjå journalnotat/dokument frå sjukehus på nett. Frå 21.9 gjeld dette også innan rus og psykisk helsevern, samt tilvisingar frå fastlege. Ein går inn via helsenorge.no eller vestlandspasienten.no

Kjernejournal

24. februar 2015

Frå 1. mars 15 blir det innført kjernejournal for alle innbyggjarar i Hordaland. Kjernejournalen vil innehalda viktige helseopplysningar som pasienten sjølv og sjukehus/helsepersonell vil få tilgong til, t.d. ved sjukehusinnlegging. Ein kan sjølv bidra til kva som skal stå i kjernejournalen. Det er også høve til å reservera seg mot kjernejournal.

Meir info om kjernejournal ved å logga seg inn på Helsenorge.no (sjå under meny og lenker)

 

Nyttig informasjon og oversikt i Helsenorge.no

10. desember 2014

Det er mykje nyttig informasjon vedr. helse, behandling, dine timeavtalar, rettighetar mm. ved å gå inn på "Meny og lenker" 

Betalingsautomat

6. oktober 2013

Frå 17.10 tek Kystlegane i bruk Melin betalingsautomat. Etter den tid skal all betaling for tenester ved Kystlegane betalast via denne automaten.

Ein betaler med kort, evt med kontanter.

Automaten kjem til å stå på venterommet.

 

Ved evt problem, vil personalet i resepsjonen bistå.

Me anmodar om at honorar blir betalt same dag. Dersom dette ikkje skjer, blir det automatisk sendt ut giro via betalingsterminalen. Då kjem faktureringsgebyr i tillegg.

E-resept

7. oktober 2012

Frå 12.10.12 er det innført såkalla e-resept hos Kystlegane.

 

Slik fungerer e-resept

Legen gjer klar resepten og sender han elektronisk til ein sentral database (Reseptformidlaren). Du får ikkje papirresept. Når du blir ekspedert på apoteket eller hos bandasjisten, kan du seie at du har e-resept. Du oppgir fødselsnummer eller namn og fødselsdato. Du kan bli bedt om å legitimere deg.  Dei søkjer fram resepten i databasen, ekspederer og leverer deg vara.

 

Om du ønskjer, kan du bruke tenesta Mine reseptar (helsenorge.no, Helsedirektoratet si informasjonsside) til å få oversikt over e-reseptane dine. Tenesta viser: Dei gyldige e-reseptane dine  Kva du har fått utlevert på apoteket eller hos bandasjisten Kva reseptar det er utleveringar igjen på  Tenesta omfattar også Mine barns reseptar og Mine fullmaktar.

Du må ha personleg elektronisk ID (e-ID) på høgaste nivå for å få tilgang til Mine reseptar.

 

Alternativt kan du også få utskreve papiroversikt over reseptar du har fått. Som før kan du få utskreve oversikt over faste medisiner du brukar (medisinliste).