Frå 12.10.12 er det innført såkalla e-resept hos Kystlegane.

 

Slik fungerer e-resept

Legen gjer klar resepten og sender han elektronisk til ein sentral database (Reseptformidlaren). Du får ikkje papirresept. Når du blir ekspedert på apoteket eller hos bandasjisten, kan du seie at du har e-resept. Du oppgir fødselsnummer eller namn og fødselsdato. Du kan bli bedt om å legitimere deg.  Dei søkjer fram resepten i databasen, ekspederer og leverer deg vara.

 

Om du ønskjer, kan du bruke tenesta Mine reseptar (helsenorge.no, Helsedirektoratet si informasjonsside) til å få oversikt over e-reseptane dine. Tenesta viser: Dei gyldige e-reseptane dine  Kva du har fått utlevert på apoteket eller hos bandasjisten Kva reseptar det er utleveringar igjen på  Tenesta omfattar også Mine barns reseptar og Mine fullmaktar.

Du må ha personleg elektronisk ID (e-ID) på høgaste nivå for å få tilgang til Mine reseptar.

 

Alternativt kan du også få utskreve papiroversikt over reseptar du har fått. Som før kan du få utskreve oversikt over faste medisiner du brukar (medisinliste).