Kystlegane
Velkomen til heimesidene våre. Vi ønskjer å gjere kontakten med oss så enkel som råd.
Det er stor trafikk på sentralbordet vårt og difor av og til ein del ventetid.
Vårt telefonnummer er 53425610.
Ved trong for akutt hjelp: ring legevakt nr 116117.
Dette telefonnummeret gjeld for alle tilstander som hastar.
NB! Ved livstruande sjukdom eller skade ringer ein 113, AMK.
Legevaktsnummeret 116117 er det same heile døgeret.
I Bømlo kjem ein fram til sjukepleiar ved Sunnhordland interkommunale legevakt, også utanom legevakta si ordinære opningstid.
Sjukepleiaren kan formidla direkte kontakt med aktuelle legekontor (Kystlegane) dersom dette er aktuelt.
Når du ringer til Kystlegane, er det viktig at du fortel medarbeidarane våre kva det gjeld. Dei kan ofte hjelpe deg med råd, og dei må prioritere når du kan få time og kva telefonar legane må ta. Som oftast vil legen ringe deg tilbake ved høve, gjerne rundt lunsj eller mot slutten av arbeidsdagen
Du kan også bestille ordinær time, fornye reseptar og liknande via app, internett og SMS. Sjå informasjon på høgre side.
Aktuelt
6. juni 2022
Kystlegane er no integrert med helsenorge.
Dette opnar for Digital dialog med 4 ulike tenester, jfr under, dersom pasienten har opna for muligheten for Digital dialog.
Dette blir gjort ved å logga seg inn på helsenorge.no og opna opp for full tilgang i innstillingane.
Me vil derfor oppmoda alle pasientar som har fastlege ved Kystlegane, om å logga seg inn på helsenorge.no.
Tenestene det gjeld:
1. Bestille time
2. Fornye resept
3. Kontakte legekontoret (e-kontakt) for administrative spørsmål til resepsjonen
4. E-konsultasjon, dersom legen tilbyr dette.
NB!
Fram til 1. september vil det "gamle" systemet for timebestilling mm. vera tilgjengelig (via Helserespons). Dette blir fasa ut frå 1. sept.
29. mai 2022
Kystlegane er stengt for ordinær drift 1., 2. og delvis 3.juni i samband med overgang til nytt journalsystem. Dette skjer samstundes med at Bømlo kommune overtar drifta av Kystlegane AS frå 1.6.22.
Ved trong for akutt hjelp desse dagane, kan Bremnes legesenter kontaktast, 53423311, ved alvorlig skade eller sjukdom: ring legevakt 116 117, ved livstruende tilstand: ring AMK 113.
1. august 2021
Dr. Paul Thevanathan er frå 4.4.22 vikarlege for dr. Ana Alves, som er i permisjon til sept. 22.
31. mai 2021
Dr. Ana Alves: ferie 28.06 t.o.m. 28.07
Dr. Gunnar Bondevik: ferie 26.7 t.o.m. 20.08
Dr. Alina Bumbar: ferie 09.08 t.o.m. 03.09
Dr. Kåre Dahl: ferie 12.07 t.o.m. 06.08
Dr. Astrid J Færevåg: 14.06 t.o.m. 09.07
Husk å bestilla reseptar før fastlegen din tar ferie!
16. august 2020
Dr. Bondevik er tilbake på Kystlegane frå 17.8.20.
Dr. Langedal har permisjon i 1 år i samband med spesialisering til spes. i allmennmedisin. Dr. Alina Bumbar vil vera vikar for henne frå sept. Fram til desse er dr. Christer Hedenberg vikar.
4. juni 2020
Dr. Ana Alves er ny lege ved Kystlegane frå 1.6. Ho overtar dr. Livar Braut sin praksis. Han pensjonerte seg frå 1.6.20.
15. april 2020
Kystlegane har gjort avtale om kortinnløsningsavtale med Nets.
Dette gjeld for desse betalingskorta:

4. april 2020
Det er innført endra takstreglar frå Helfo:
Konsultasjonar som pga pandemien no blir gjennomført som telefonkonsultasjon, videokonsultasjon eller E-konsultasjon vil ha same honorar som for konsultasjon ved oppmøte på kontoret.
Det vil bli sendt ut faktura i etterkant.
19. mars 2020
Bømlo kommune har ei oppdatert nettside om korona:
bomlo.kommune.no/koronavirus - kommunal informasjonsside
Her finn ein også informasjon om kommunal koronatelefon, 53423001
15. mars 2020
Ein del avtalar om rutinekontrollar og konsultasjonar som kan venta, og som er bestilt før pandemirestriksjonane vart innført 16.3, kan bli avbestilt frå Kystlegane.
Timar som er sett opp etter 16.3, går som normalt, dersom ein ikkje får annan beskjed.
Det vil stå plakat på ytterdøra, som vil vera låst.
Nødvendig legekonsultasjon kun etter avtale på førehand pr telefon 53425610.
Dersom ein ikkje kjem gjennom på telefonen og det hastar: ring legevakt 116117, som kan vidareformidla kontakt med Kystlegane.
Me har nyleg installert mulighet for videokonsultasjon. Dette kan brukast i særskilte høve og etter avtale med den aktuelle lege. Takst/pasientbetaling for dette blir som ved konsultasjon.
Les flere nyheter