Senteret sitt bannerbilde
Viktig informasjon om Koronaviruset

Ny lege ved Kystlegane

4. juni 2020

Dr. Ana Alves er ny lege ved Kystlegane frå 1.6. Ho overtar dr. Livar Braut sin praksis. Han pensjonerte seg frå 1.6.20.

Nets kortinnløsningsavtale

15. april 2020

Kystlegane har gjort avtale om kortinnløsningsavtale med Nets.

Dette gjeld for desse betalingskorta:

Honorar for telefon/video/E-konsultasjon

4. april 2020

Det er innført endra takstreglar frå Helfo:

Konsultasjonar som pga pandemien no blir gjennomført som telefonkonsultasjon, videokonsultasjon eller E-konsultasjon vil ha same honorar som for konsultasjon ved oppmøte på kontoret. 

Det vil bli sendt ut faktura i etterkant. 

Koronavirus: KOMMUNAL INFORMASJONSSIDE

19. mars 2020

Bømlo kommune har ei oppdatert nettside om korona:

bomlo.kommune.no/koronavirus - kommunal informasjonsside

Her finn ein også informasjon om kommunal koronatelefon, 53423001

 

 

Endra drift ved Kystlegane f.o.m. 16.3.20

15. mars 2020

Ein del avtalar om rutinekontrollar og konsultasjonar som kan venta, og som er bestilt før pandemirestriksjonane vart innført 16.3, kan bli avbestilt frå Kystlegane. 

Timar som er sett opp etter 16.3, går som normalt, dersom ein ikkje får annan beskjed.

Det vil stå plakat på ytterdøra, som vil vera låst. 

Nødvendig legekonsultasjon kun etter avtale på førehand pr telefon 53425610. 

Dersom ein ikkje kjem gjennom på telefonen og det hastar: ring legevakt 116117, som kan vidareformidla kontakt med Kystlegane.

Me har nyleg installert mulighet for videokonsultasjon. Dette kan brukast i særskilte høve og etter avtale med den aktuelle lege. Takst/pasientbetaling for dette blir som ved konsultasjon. 

LES DETTE ved luftvegsinfeksjon eller mistanke om koronasmitte

14. mars 2020

IKKJE møt opp på Kystlegane om du har ein luftvegsinfeksjon!

Ta kontakt pr telefon med resepsjonen om du har ein luftvegsinfeksjon/feber/tilstand som du treng råd om mtp evt undersøking av lege! 

Medarbeidarane vil gi råd etter oppdaterte nasjonale og kommunale retningslinjer for evt testing og undersøking.

Me anmodar elles om at ein oppdaterer seg og fylgjer råd og retningsliner på nettsidene til Bømlo kommune, Folkehelseinstituttet, Helsenorge, NAV.no mm slik at 

 

Viktig info om koronavirus

8. mars 2020

For oppdatert informasjon om koronavirus, viser me til Folkehelseinstituttet si heimeside, fhi.no, eller helsenorge.no. 

Bømlo kommune har også aktuell informasjon om korona på si nettside, bomlokommune.no.

 

Ein kan også ringa informasjonstelefon for publikum: 81555015

NB! Dersom du lurer på om du kan vera smitta, må du ikkje møta opp på Kystlegane, men ringa kontoret for råd.

Legevaktsentralen kan også kontaktast på telefon 116117

Det er viktig å opplysa om ein har vore på reis og kor ein har vore, eller om ein har vore i kontakt med ein person som kan vera utsett for eller har fått påvist smitte med koronavirus/covid 19.

 

 

 

Vikar for dr. Bondevik

28. februar 2020

Dr. Bondevik er sjukmeldt og ikkje på kontoret framover. 

Pr i dag er dr. Leversund vikar for han, frå 14.4 er det dr. Fadi El Hage som vil vera vikar for han.

Ny lege/listereduksjon

24. august 2017

Den 1.9 overtar dr. Sandra Langedal praksisen etter dr. Anna Tribis. Ho er nyutdanna og begynner som såkalla ALIS lege (= allmennlege i spesialisering) ved Kystlegane. Dette er ein  kommunal legestilling, som igjen er ledd i eit såkalla ALIS-prosjekt. Målet er rekruttering av unge legar til primærhelsetenesta.  Her vert det spesielt tilrettelagt for eit vidareutdanningsløp mot spesialisering i allmennmedisin ila 5 år.


Lista ho overtek er på 1100 pasientar, men som ALIS-lege vil ho starta med 700 pasientar. Det vil difor bli 400 pasientar som på vilkårleg vis vil bli trekt ut av lista. Desse vil bli plassert på ei liste med ledig plass ved Bremnes legesenter. Her er ein tilsvarande ALIS stilling oppretta og lege er tilsett i denne frå januar 2018 (lista står pr i dag oppført som "liste utan fast lege").


Alle pasientar som til no har stått på dr. Anna Tribis si liste vil altså få brev frå Helfo om ny fastlege gjeldande frå 1. september, 700 av desse hos dr. Sandra Langedal ved Kystlegane og 400 blir overført til Bremnes legesenter.

 

Pasientane som blir overflytta til annan lege utanom Kystlegane, kan ta kontakt med Kystlegane pr brev, sms eller telefon til resepsjonen for å få overført journalen til ny fastlege.

 

Me ynskjer Sandra Langedal velkommen til Kystlegane!

 

Ny lege ved Kystlegane

13. august 2017

Dr. Sandra Langedal er frå 1.9.17 tilsett ved Kystlegane. Ho overtar dr. Anna Tribis sin praksis (tidlegare dr. Jan Leversund sin praksis).

Min pasientjournal

15. september 2016

Det er i dag i Helse Vest sitt område mogleg for pasientar innan somatikk å sjå journalnotat/dokument frå sjukehus på nett. Frå 21.9 gjeld dette også innan rus og psykisk helsevern, samt tilvisingar frå fastlege. Ein går inn via helsenorge.no eller vestlandspasienten.no

Kjernejournal

24. februar 2015

Frå 1. mars 15 blir det innført kjernejournal for alle innbyggjarar i Hordaland. Kjernejournalen vil innehalda viktige helseopplysningar som pasienten sjølv og sjukehus/helsepersonell vil få tilgong til, t.d. ved sjukehusinnlegging. Ein kan sjølv bidra til kva som skal stå i kjernejournalen. Det er også høve til å reservera seg mot kjernejournal.

Meir info om kjernejournal ved å logga seg inn på Helsenorge.no (sjå under meny og lenker)

 

Nyttig informasjon og oversikt i Helsenorge.no

10. desember 2014

Det er mykje nyttig informasjon vedr. helse, behandling, dine timeavtalar, rettighetar mm. ved å gå inn på "Meny og lenker" 

Betalingsautomat

6. oktober 2013

Frå 17.10 tek Kystlegane i bruk Melin betalingsautomat. Etter den tid skal all betaling for tenester ved Kystlegane betalast via denne automaten.

Ein betaler med kort, evt med kontanter.

Automaten kjem til å stå på venterommet.

 

Ved evt problem, vil personalet i resepsjonen bistå.

Me anmodar om at honorar blir betalt same dag. Dersom dette ikkje skjer, blir det automatisk sendt ut giro via betalingsterminalen. Då kjem faktureringsgebyr i tillegg.

E-resept

7. oktober 2012

Frå 12.10.12 er det innført såkalla e-resept hos Kystlegane.

 

Slik fungerer e-resept

Legen gjer klar resepten og sender han elektronisk til ein sentral database (Reseptformidlaren). Du får ikkje papirresept. Når du blir ekspedert på apoteket eller hos bandasjisten, kan du seie at du har e-resept. Du oppgir fødselsnummer eller namn og fødselsdato. Du kan bli bedt om å legitimere deg.  Dei søkjer fram resepten i databasen, ekspederer og leverer deg vara.

 

Om du ønskjer, kan du bruke tenesta Mine reseptar (helsenorge.no, Helsedirektoratet si informasjonsside) til å få oversikt over e-reseptane dine. Tenesta viser: Dei gyldige e-reseptane dine  Kva du har fått utlevert på apoteket eller hos bandasjisten Kva reseptar det er utleveringar igjen på  Tenesta omfattar også Mine barns reseptar og Mine fullmaktar.

Du må ha personleg elektronisk ID (e-ID) på høgaste nivå for å få tilgang til Mine reseptar.

 

Alternativt kan du også få utskreve papiroversikt over reseptar du har fått. Som før kan du få utskreve oversikt over faste medisiner du brukar (medisinliste).