Influensavaksinen kjem til Bømlo kommune, helsestasjonen, ila veke 42.

Det vil snart komma nærare informasjon om praktisk gjennomføring av vaksinasjonen på kommunen sine nettsider, bomlo.kommune.no/kommunal infoside, samt i Bømlonytt, og me viser til dette.

Pasientar i risikogruppe som har bestilt legetime for andre problemstillingar, kan få sett vaksinen når dei er til konsultasjon hos lege.

Me kan ikkje ta imot pasientar på Kystlegane som kun skal ha influensavaksine.

Influensavaksine kan også bli sett på apotek. Fram til 1.12 er vaksinering på apotek reservert for folk i risikogruppe.

Me viser også til meir informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider, fhi.no.